Den berekraftige barnehagen – to scenario frå det daglege

Biletet er tatt frå 1. mai-toget i Bergen 2017. Eg tør å påsta at dette var den beste og mest nødvendige parolen i heile toget!

Ein berekraftig klode forutsetter at menneska som bur der lever berekraftig. Eg vil tørre å påstå at Den berekraftige barnehagen arbeider med å ta barna sine interesser på alvor, med hensyn til naturmiljøet, demokrati, økonomi og solidaritet. I dette blogginnlegget ønskjer eg å sette lys på dei strukturelle rammene og systema som barnehagen kan leggje til rette for:

Det første møtet barnet har med barnehagen på starten av dagen skjer i garderoben.

  • Kva moglegheiter for medverknad har barna i garderoben? Kan dei finne kleda sine, skoa sine på eigahand?
  • Kva materiale er hyllene og knaggane i garderoben laga av? Er dei laga av miljøvenleg materiale som ikkje er helseskadeleg eller kan føre til skade?
  • Korleis er tilbyr garderoben rom for samhandling mellom barn og vaksne? Er miljøet med på skape kroppsleg belastning over tid, som i verste fall kan føre til sjukemeldingar hjå personalet?

I fleire barnehagar vaskar barna hendene etter dei har vore i garderoben. Når barn brukar brukar ørten tørkepapir frå papir-dispensaren og to meter toalettpapir for kvar besøk på badet, kan det føre til at barnehagen forbruker store mengder papir. Fulle søppelspann og tette toalett er ikkje akkurat kjenneteikn på berekraftige praksisar, tenkjer eg. Dessutan vil det kunne føre til økonomiske kostnader for drifta av barnehagen. Ved at alle i barnehagen er med på å senke papirforbruket på badet, kan ein redusere søppelmengda og utgifter til toalett- og tørkepapir.

  • Kan ein bruke til dømes samlingsstunder i barnehagen til å snakke om forbrukskulturen på badet?
  • Kva forbrukar-praksisar lærer me barn opp til generelt i barnehagen?
  • Er pedagogane i barnehagen medvitne om påverknaden dei har som rollemodellar?

Som barnehagelærar håpar eg at desse spørsmåla kan vere til inspirasjon og skape refleksjon rundt systema og handlingar i barnehagen din. Legg gjerne igjen ein kommentar i feltet under dersom du er ueinig eller ønskjer å tilføye noko.

 

Hanna Assmann

 

 

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s