Fuglane og det skjøre livet

Rett ovanfor verandaen vår heime, er det eit høgt bjørketre. Far min har montert ei fuglekasse på treet, seks meter over bakken. Treet ragar høgt, og fuglekassa ser ut til å vere ein god tilfluktsstad for ei travel fuglemor og ungane hennar.

Denne sommarfereidagen er det strålande sol og ein god bris i hagen. Eg sit på ein hagestol og ser opp mot treet. Eg beundrar og elskar å høyre lyden av fuglekvitter og skrika frå småfuglane i fuglekassa. Matmot er stadig innom med godasker til dei små. Så startar eg refleksjonane mine: så skjørt fuglelivet kan vere, tenkjer eg. Så avhengige dei små er av mat frå fuglemor, og er erfaringar ho har om livet som fugl. Dette skal dei få meir kjennskap til i tida som kjem. Fugleungane er prisgitt fuglemor.

Dersom barn i barnehagen får kjennskap til fuglar, kan dei seinare utvikle interesse for dei. Barnehagen kan motere opp fuglekassar i barnehagen sitt nærmiljø, og kanskje utruste kassa med eit kamera. Då kan barnehagebarna få innsikt i korleis livet som fugleunge kan vere. Kva eter dei? Korleis får dei nok mat? Korleis er den første flygeturen ut frå fuglekassa, ut i verda?

Å starte slike små prosjekt med utgangspunkt i barns interesse for naturfaglege tema kan vere startgropa for barns gryande forståing for berekraftig utvikling. Vaksne kan engasjere barn, og barn kan engasjere vaksne! Grunnlaget for “den berekraftige barnehagen” er nysgjerrigheit, medverknad og engasjement.

Pedagogar kan verte utfordra når barn stiller nye spørsmål. Det er ikkje alt me har svaret på, og denne tankeprosessen er så viktig å ta vare på, tenkjer eg. Me lærer noko nytt av kvarandre – kvar dag – og det er spennande!

Det skjøre livet som fugl – er det eigentleg så sårbart som eg trudde? Kor tilpassingsdyktige er fuglengane? Og ikkje minst; kva blir barnehagebarna nysgjerrige på eller opptekne av?

Dette er refleksjonar frå ein sommardag på verandaen. Og i dag 23. juni, regnar det ute – men det var nydeleg å plukke markjordbær i hagen likevel. Til deg som har lest: Hugs å nyte livet i naturen  og gjer det gjerne med omsorg for plantar og dyr som lever der.

God helg!

 

 

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s