Intervju på Radio Luftballett

Det er spennande tider no før Stortingsvalet. Klimasaken er framtredande i valkampen, og det tenkjer eg er bra.

I studietida vart eg kjent med Margrethe Brekke. Ho vart intervjua på kunzt.no, og det er berre så inspirerande å sjå at det finst kunstnarar som er gira på å finne løysingar for verda sine klimaproblem. KUNZT er genial enkel kunstformidling, og eg tykkjer det absolutt er verdt å følgje med på.

Tilbake til Margrethe… I dag var det min tur til å delta på Radio Luftballett, som ho Margrethe driver. Eg gler meg til å halde fram med å reflektere rundt mi rolle som barnehagelærar. Å vere med på Radio Luftballett, gjer at eg blir inspirert til å oppretthalde fokuset på Den Berekraftige Barnehagen. I radiointervjua tar ein opp temaet “Det grøne skiftet” og snakkar om ei omstilling for miljøvenlege praksisar.

Samarbeid på tvers av yrkesgrupper er heilt nødvendig. Når barnehagelæraren snakkar med kunstnaren vert kreativiteten sat på prøve, og kunnskapen opplevast verdifull. Eg håpar at Radio Luftballett kan vere ein kanal for å formidle alle gode krefter som ønskjer ei omstilling for miljøet og vegen til meir berekraftig politikk.

 

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s