Engasjement som held seg glødande

Å gå frå studiekvardagen til yrkeskvardagen var ei omvelting for meg denne hausten. Plutseleg går dagane så fort! Som nyutdanna barnehagelærar er det mykje som skal lærast, og det skjer i praksis kvar einaste dag. Eg har lært korleis eg skal opne og stenge barnehagen, kor mykje frukt eg skal skjere opp til barna, og kvar alle leikene skal ryddast på plass…

I barnehagen møter eg ein haug av “slik gjer me det her” og “dette er den beste løysinga, etter alle år med erfaring me har” frå kollegaene mine. Dei er supre folk! Og eg erfarer at eg har respekt for alt arbeidet dei har lagt ned i barnehagekvardagen for å få rutinene til å få god flyt. Men sjå kjem spørsmålet eg ofte stiller meg sjølv som nyutdanna: er denne måten å gjere dette på til det beste for barna? Korleis kan me få med barnas medverknad i rutinene våre?

Etter tre månader i yrkeslivet spør eg meg sjølv:

Korleis kan eg halde engasjementet mitt for “Den Berekraftige Barnehagen” glødande?

Eit svar for meg har vore å oppsøke arrangement, folk og personar som er opptekne av barekraft og endringar i forbruksmønstra våre. Å kople tilbake på naturen, og ved å setje pris på det me har. Eg har hatt shoppestopp i ein månad. Eg har vore på kurshelg med RE:ACT (ungdomasorganisasjonen til Strømmestiftelsen).

På kurshelga med RE:ACT i Bergen, var tema: Berekraft og mat. Utruleg spennande! Me var ca 25 deltakarar som fekk høyre om berekraftig kosthald, berekraftige liv, kolonialen Råvarene og spelet RE:SOURCES. Visste du at eg likar visjonen til RE:ACT veldig godt? Den går slik: Ei berekraftig verd, fri for fattigdom.

Det var berre så godt å møte menneske som òg er interessert i dette! Akkurat denne visjonen er jo noko av det som er kjernen i engasjementet mitt. Helga inneheldt prat med nye venner, “dumpstermiddag”, latter, fantastisk tur til Fløyen og mengder av kunnskap!

Takksam og oppglødd helsing frå Hanna

 

 

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s