Om meg

Dette er stas! Det starta som ein diffus tanke i det rotete hovudet mitt ein sein kveld i Bergen. Eg var midt i bachelorskrivinga då eg oppretta bloggen, og her er han i levande live:

– DEN BEREKRAFTIGE BARNEHAGEN

Ja, velkomen!

Eg er ei nyutdanna idealistisk barnehagelærar som faktisk tør å innrømme det(!)

Bloggen skal vere idealistisk og barnehagerelatert. Innlegga skal ta opp saker som handlar om forbrukskultur, forholdet vårt til naturen og konkrete tips til berekraftige handlingar.

Formålet med bloggen er å inspirere barnehagefolk og konkretisere temaet, slik at det vert tydelegare korleis ein kan arbeide for at barnehagebarn kan medverke til ei berekraftig utvikling. For at eg skal klare dette er målet å unngå mange uforståelege ord, berre slik at innhaldet er forståeleg for lesaren.

I tida framover kan det òg hende at det dukkar opp blogginnlegg frå andre barnehagelærar som er opptekne av berekraft i barnehagen. Eg gler meg, for dette vert spennande. Følg med!

 

Advertisements